Damelaget

SM U192008-2009

Opprettet av Geir Humberset 09 feb, 2009 12:37

Sonemesterskapet for U19 i Blindheimhallen laurdag 7.februar 2009

NM VGS2008-2009

Opprettet av Geir Humberset 27 jan, 2009 14:50

Her kjem ein del bilete frå NM VGS i Steinkjer 23.-25.01.2009

Velkomen til Vintertreff, SportyPåske og TT:09!2008-2009

Opprettet av Margrete Apelseth Skaare 06 jan, 2009 20:47

Informasjonsmøte tysdag 13. januar kl 19 på Uppheim felles for KFUM Volda og TenSing.

Dei som har lyst å vere med på tur må kome på møtet, ta med foreldre.

Det vert praktisk informasjon, film og sal av rimelege pizzastykker, saft og kaffi.

KFUM Volda er ein del av Norges KFUK-KFUM. Medlemane i KFUM Volda vert også medlem i Norges KFUK-KFUM og det er mange kjekke arrangement ein kan vere med på i regi av KFUK-KFUM. Her kan vi vere med på volleyballturneringar og om ynskja oppvisingskampar på TT:09.

Ørsta Volda TenSing er også med i Norges KFUK-KFUM, og i samarbeid med Ørsta Volda TenSing inviterar vi til informasjonsmøte om vintertreff i februar 2009, SportyPåske og TT:09.

Litt meir om arrangementa:

Det må minst vere med ein vaksen per 10 deltakarar. Vi planlegg felles transport og overnatting saman med Ørsta Volda TenSing. Dei som er mellom 16 og 25 år reiser på SportYpåske i eigen regi.

Vintertreff 6-8 februar 2009 i Ulsteinvik: http://www.vintertreff.net/

Frå 8. klasse, 13 år. Pris ca kr 650 + transport.

SportYpåske 4-8. april 2009 på Lillehammer: http://kfuk-kfum.no/side1416

For dei mellom 16 og 25 år.

TT:09 på Gjøvik 23.-28. Juni 2009: http://www.kfuk-kfum.no/side1808

For 13-19 åringar.

Kampstatistikk H-082008-2009

Opprettet av Geir Humberset 08 des, 2008 11:56

Kampstatistikk - haustsesongen 2008

Sjekk vedlegget for å finne ut av alle resultata i haust, og kven som har vore med på dei ulike kampar og aktivitetar. Dersom du finn feil, må eg få ei melding, så skal eg rette opp statistikken !

Juleferie2008-2009

Opprettet av Geir Humberset 08 des, 2008 11:53

Juleferie

Vi kan no oppsummere ein innhaldsrik haust-sesong, og etter kampane i går, trur eg også vi kan slå fast at vi har sikra oss sølvmedlajene i 2.div. Kvinner Møre og Romsdal. Vi har berre to seriekampar igjen - mot Ellingsøy 21.02 i Voldahallen og mot Blindheim 22.02 i Fagerlihallen. Dersom vi ikkje går på ein skikkeleg "julesmell", bør vi kunne sikre oss nok poeng i dei to kampane til å ta sølv i vår debutsesong i seniorklassen !!!!

Vi har mykje moro å sjå fram til i vårsesongen også, sjølv om det meste av 2.div-serien no er ferdig for vår del. Det kjem KM og SM i januar og februar, og i dag kom meldinga frå NVBF om at Volda vgs får plass i NM VGS i Steinkjer 23.-25.januar.

Det store målet i vår er NM U19 i Bergen 1.-3.mai. Det er no slik at det berre er kvalifisering til NM gjennom sonemsterskapet, og Region NordVest har 4 plassar. Helga 7.-8.februar (mest truleg berre ein av dagane!) skal det altså avgjerast kva for 4 lag frå denne regionen som får Nm-plass. Bra for oss at Sonemesterskapet går i Blindheimhallen - der har vi spelt mange gode kampar - og vi har mange gode minner frå den hallen ! Våre sterkaste utfordrarar i SM blir Tambarskjelvar, Førde og Blindheim. Men vi skal vere mellom dei 4 som får direkte NM-klarsignal denne helga - svært viktig at du ikkje planlegg noko anna den helga i februar !!!

Eg har oppsummert haustsesongen 2008 - og kome fram til følgande : a) Vi har spelt 32 kampar sidan 8.september b) Vi har vunne 23 kampar og tapt 9 kampar c) Vi har vunne 58 sett og tapt 26 sett.

Vi har hatt 16 veker med trening i haust, og reknar med 5 timar trening pr. veke som eit gjennomsnitt. Det gir 80 treningstimar. Vi kan vidare rekne med 32 oppvarming til kamp x 30 minutt. Det gir 16 timar. Vi har spelt 84 sett, og reknar vi 20 minutt pr. sett, blir dette 28 timar i kampsituasjon. Totalt blir dette 124 timar for dei som har vore med på alt. Det hadde vore moro å kunne rekne ut kor mange fingerslag, baggerslag, servar, smashar, hopp m.m som ligg bakom desse timane i hallen, men det reknestykket blir for vanskeleg for meg !

No har vi altså tatt velfortent juleferie frå fellestreningane, men det er som eg sa, svært viktig at du tek ansvar for å holde deg sjølv i god form gjennom denne "ferien". Det bør vere ein volleyballferie, men ikkje ein treningsferie. Spesielt i jula med mykje god mat og mykje kos, er det lett for å legge seg til ein døgnrytme med for lite aktivitet. Ta deg turar ut å gå/jogge, driv med vedlikehaldstrening av styrke og spenst - og får du ein sjanse kan du godt vere med på balltrening !

Svein Olav er i Voldahallen torsdag 11.12 og torsdag 18.12 i treningstida kl. 20-22, og dersom det er nokon som då vil ha "spesialtrening" av tenikk, er det berre å møte opp. De kan også avtale å møtast til trening dei andre treningsdagane, eller dersom du heller vil trene saman med gutane (?) i denne perioden, kan du sikkert møte opp når dei har treningstid !

Til slutt : takk for god innsats og mange triveleg stunder saman med dykk i 2008 ! Eg kjenner også at det er "rett" med ein ferie/pause frå volleyballen no. Treng å ladde batteria til ein spennande vårsesong ! Reknar med at vi møtes til varetelling på Eurospar ein dag i "fellesferien", og elles håper eg at alle er i god form til første fellestrening etter nyttår - måndag 5.januar kl. 1930.

Til slutt vil eg ønskjer alle sammen God Jul og Godt Nytt År !

Beste helsing Geir Hsmiley

2.div - kampomtale2008-2009

Opprettet av Geir Humberset 19 nov, 2008 08:47

Her er lenke til Kristiansund VBK si heimeside, der dei har omtale frå toppkampen i 2.div. søndag 16/11 : http://www.kvbk.no/go/news/fremdeles-ubeseiret

Lagmøte2008-2009

Opprettet av Geir Humberset 14 nov, 2008 12:15

Det vert lagmøte måndag 17/11 kl. 1930-2100. Møtet vert halde på lærarromet på Kaarstadbygget (samme rommet som vi hadde møte sist). Bruk inngang på nedsida av det gamle lærarskulebygget ved hovudtrappa.

Treninga med Robert Kim går m.a.o. ut denne dagen, og har informert Robert om det. Det er svært viktig at alle møter opp til dette møtet sidan det er det første møtet vi har hatt med alle spelarane i gruppa så langt i haust - det er m.a.o. MØTEPLIKT !

Vi kjøper inn yoghurt, frukt og drikke !

Saker :

a) Vi sjekkar "tilstanden" (både fysisk og psykisk) i gruppa. Har vi det bra? Er det gøy med trening og kamp? Kan/bør noko gjerast annleis? Her må alle kome fram med sine tankar, slik at vi som trenarar og forledregruppe får vite om det er noko vi bør endre på.

b) Kamp-programmet framover til jul. Vi har eit svært tett kamp-program no framover, og derfor der det svært viktig at du som spelar noterer deg dei aktuelle datoane og gir melding til lagleiar/trenar i god tid, dersom du veit at du har problem med å vere med på deler av dette programmet.

c) Gåve til Robert Kim. Robert reiser tilbake til USA 3.desember og derfor har han berre to treningar igjen med laget (24/11 og 1/12). Vi bør difor diskutere kva som kan vere ei helsing til han frå laget, som takk for trenarjobben han har gjort for laget i haust.

d) Varetelling på Eurospar - og evt. andre praktiske oppgåver. Orientering ved Johanne - Svanhild - Oddny og Ingunn (foreldre- og oppmannsgruppa)

e) Plan for resten av sesongen 2008-2009

med helsing Geir H

Volleynytt.net2008-2009

Opprettet av Geir Humberset 31 okt, 2008 09:40

Nyhende innan Volleyball

Her er ei nyhende-side på nettet som de bør legge til på Favorittlista :

http://volleynytt.net/